Leikong

Gå til innhold

Hovedmeny

Julekveld for alle

Nyhende
 
 
 
 
 
 

Ein julekveld for alle

Ulstein Frivilligsentral arrangerer også i år ein julekveld for dei som ønskjer å ha nokon å feire jul med.

Det heile byrja for fem år sidan med nokre eldsjeler på Hareid som tok initiativet til å arrangere eit slik samkome.

– Året etterpå blei det til samarbeid med Ulstein Frivilligsentral, og sidan har vi hatt ansvaret for det, fortel Inger Anne Dimmen, leiar for frivilligsentralen, til Vikebladet Vestposten.

Frivilligsentralen er koordinator for arrangementet, men sjølve opplegget blir gjennomført på frivillig basis.

– Folk skal sleppe å sitje åleine. Dette er ein kveld for dei som ønskjer å feire saman med nokon, som kanskje ikkje har andre kjente rundt seg her i området, eller som ikkje har moglegheit til å feire sjølve.

Fekk spørsmål tidleg i haust

Det var 30 personar med på det første arrangementet for fem år sidan, men det har vore stor utvikling. I fjor var det heile 92 personar som var med og feira saman.

– Det er eit breitt spekter av folk som kjem saman. Det kan vere småbarnsfamiliar, einslege eldre og tilflyttarar. Somme kjem fordi borna deira bur vekke, eller er opptekne på andre kantar.

Dimmen fortel at arrangementa har vore suksessar, og at folk gir tilbakemelding til Ulstein Frivilligsentral om at det har vore godt og kjekt.

– Allereie tidleg i haust fekk vi spørsmål om vi skulle arrangere ein slik julekveld igjen. Folk hadde det så koseleg i fjor, og dei ville gjerne oppleve eins lik kveld også i år. Det er allereie mange som har sagt ifrå at dei kjem.

Feiringa blir lagt til 25. desember, slik at dei frivillige som er med og hjelper til også får feira.

– Det har fungert bra slik. Det er mange flinke som har stilt opp, men vi treng endå fleire i år. Så har du lyst, er det berre å kontakte oss, seier Dimmen.

kilde : vikebladet

 
 
 
Tilbake til innholdet | Tilbake til hovedmenyen