Leikong

Gå til innhold

Hovedmeny

Aktivitetar

Leikanger Kyrkje

AKTIVITETAR i kyrkjelydane:

TRUSOPPLÆRING –

STØRST AV ALT Trusopplæring er eit av Den norske kyrkje sitt hovudsatsingsområde. Det utviklast for tida ei systematisk trusopplæring for alle døypte mellom 0-18 år, som skal legge til rette for at barn og unge skal kunne fasthalde sin dåp og utvikle sitt forhold til trua og den kyrkja dei er ein del av.

Hjå oss har vi hatt ei satsing på 4- åringar, 6- åringar, 8- åringar og 10- åringar. I tillegg til konfirmantarbeid, fredagstreff og frivillig arbeid på bygdene. Alt dette skal fortsette, men tilboda vil bli fleire og endå betre.

KONFIRMANTARBEIDET Konfirmantarbeidet er eit stort og viktig arbeid i kyrkja vår. Gjennom året møtes konfirmantar til forskjellege samlingar i kyrkja.

Det kan nemnast undervisningssamlingar, temadagar, gudstenester, og interessegrupper. Å vere konfirmant er å gje trua ein sjanse til å spire og gro. Her er det plass for tvil og tru, og saman kjem vi kanskje eit stykke vidare.

FREDAGSTREFFET

Kvar fredag kl 20.30.-24.00 i den nye ungdomsavdelinga i kjellaren i Herøy kyrkje, er eit tilbod til ungdom frå ungdomsskulealder og oppover. Vi driv med ulike aktivitetar, leik, andakt og hobby. Eit ypparleg høve til å finne miljø og nye vener!

KRIK (Kristen Idrettskontakt)

Samlingar i Herøyhallen og Guds frie natur med idrett, spel og moro! Følg med i Vestlandsnytt!

GUDSTENESTER

Januar
8. jan Gudstjeneste kl 11

Februar
5.febr Gudstjeneste  kl 11
19.febr Gudstjeneste  kl 11

Mars
12.mars Gudstjeneste kl 11

April
9. april Gudstjeneste kl 11
13.april Gudstjeneste Skjærtorsdag
23.april Festgudstjeneste

Mai
14. mai Konfirmasjonsgudstjeneste
17.mai Gudstjeneste kl.1230

Juni
4. juni Gudstjeneste 1 pinsedag
18. juni Gudstjeneste

Juli
30. juli Gudstjeneste

September
3.sept Gudstjeneste kl 1700


 
Tilbake til innholdet | Tilbake til hovedmenyen