Hovedmeny
Herøy kommune sin Kulturpris 2011 for skiløypa i havgapet.
Årets vinnar er ikkje heilt ung, faktisk over 90 år, men likevel er han ivrig med nye prosjekt, som skal kome heimbygda til gode, skape trivsel og auke bulyst i kommunen.
Slik ordla ordførar Arnulf Goksøyr seg då han fredagskvelden skulle dele ut årets kulturpris. Det skjedde under Leikong Blandakor sin førjulskonsert i Leikong kyrkje. Og den fullsette kyrkja gledde seg då ordføraren så kunngjorde at prisvinnaren var Gurskøy IL og kalla fram leiar og nestleiar i prosjektgruppa for turlysløypa på Leikongeidet, Per Ola Kleppe og Anne Grete Voldnes.
Det var i 2005 at Gurskøy IL starta arbeidet med å nye oppatt og utvide det gamle løypenettet på Leikongeidet til ei 2840 meter lang lysløype til bruk både sommar og vinter. Fem år seinare kunne løypa til 1,7 mill kroner, med 40 lysstolpar, opnast. I ausande regnver med 300 frammøtte og fakkeltog var anlegget opna, -
Prosjektgruppa fekk med seg sponsorar også utanfor bygda, men det var haldninga blant leikongarane som var største suksessfaktoren, sa ordføraren. Frå Sparebanken Møre vanka det 10 000 kroner i prispengar, og Svein Olav Hatlen hadde laga ein vakker diplom som vart overrekt av kultursekretær Andreas Kvalsund.
Like gledeleg som overraskande, sa Per Ola Kleppe då han takka for prisen. Han ville dele æra med dei andre i prosjektgruppa og bygdefolket, for det har vore ein fantastisk innsats med dugnad og utlån av utstyr i anleggsperioden.
kilde : Marit Kvammen v Vikebladet/vestposten
Overraska, men glade tek Per Ola Kleppe og Anne Grete Voldnes mot Kulturprisen 2011 av herøyordførar Arnulf Goksøyr. Foto: Marit Kvammen