Leikong

Gå til innhold

Hovedmeny

Hasteutbygging av Leikanger skule 2015

Arkiv
 

Hasteutbygging av Leikanger skule

Leikanger skule treng meir plass til neste skuleår, og no har eigendomsavdelinga fått grønt lys til å forskottere den politiske prosessen for å få sett fart i ei utbygging.

Vi skriv midten av oktober, og tida går for framover mot neste skuleår.
Leikanger skule har eit betydeleg veksande elevtal og treng meir plass.
For å rekkje det har eigendomsavdelinga sett det som nødvendig å setje fortgang i prosessen.

I formanskapet tysdag ba eigendomsleiar Robert Myklebust politikarane om grønt lys til å forskottere den politiske prosessen, og starte arbeidet med prosjekteringsgrunnlaget for snarleg vidare handsaming. Og det fekk han.

Tilbygg og rehabilitering
Det eigendomsavdelinga ønskjer å byggje på Leikong er eit tilbygg på 250-300 kvadrameter, med to nye klasserom og tilhøyrande fascilitetar- mellom anna eit nytt handicap-toalett. I tilegg ønskjer dei å gjennomføre ei rehabilitering av den eksisterande fasaden, og oppgradere rømningsvegane.

I det grovskisserte forslaget eigendomsleiaren kunne legge fram tysdag, legg ein opp til å rive svalegangen mellom skule og grendahus, for å lage rom for det komande tilbygget.
 Eigendomsavdelinga har lagt opp ein stram tidsplan for prosjektet fram mot ferdigstilling, andre halvdel av november ser ein føre seg å ha godkjent byggeprogrammet, før finansieringsvedtaket blir gjort i samband med budsjettet i desember.
 På nyåret blir det anbodsutlysing, og etter planen oppstart på grunnarbeida 1 februar. I februar tek ein også sikte på å  velje hovudentrepenør, og 1. mars er sett opp som datoen for oppstart av byggjearbeida. Går alt slik ein håper vil tilbygget kunne stå klart til bruk i byrjinga av august. Den førebelse og uofisielle datoen er 9. august.
 Det er politikarane sjølve, gjennom kommunestyret, som har bede eigendomsavdelinga handtere utbygginga som ei hastesak, og den prosessen har dei folkevalde no gitt si vidare velsigning til.

Kilde : Stein Arne Lilleøy, vestlandsnytt 16 oktober 2015

 
Tilbake til innholdet | Tilbake til hovedmenyen